lørdag 23. juli 2011

News from home

Did you hear what happened in Norway? Dramatiske nyheter nådde oss fra Norge. Vi fekk melding i går om at det hadde gått av ei bombe i oslo og at det hadde vore skyting på Utøya. Det var snakk om omkomne. Det var seint og vi er langt heime ifra. Orda på mobilen virka som ein dårleg spøk, ein draum.  I dag  vakna vi opp til CNN og BBC med bilder fra landet vårt som var meir katastrofale og sjokkerande ein kva vi kunne ha fantasert om.  Det er frustrerande å vere så langt vekke når det skjer nokke så fælt heime. Vi er så glad for å vere her i Jerusalem, men fekk ein lengsel om å vere hos våre sjølv om det ikkje er noko vi kan gjere. Vi drog til ein plass i verda som er prega av krig og konflikt, vi drog fra eit av verdas tryggaste land og så skjer noko sånt? Vi møter sympati fra våre nye venner her og israelere og palestinere. Var det ikkje vi som skulle vise sympati for deira sorg og frykt. No i dette øyeblikket er rollene bytta om, for ein grusom og virkelighetsfjern situasjon. Men så galt å tru at ein ikkje kan nås av ondskap og død.

- German?- No, Norwegian.- Oh, so do you know what happened in Oslo? It happens here too, sometimes. Samtale mellom Lisa-Marie og gateselger i Jerusalem.

Ellers har Jerusalem innfridd alle forventninger. Magisk plass. Ein føle at kvar stein har ein historie å fortelje, det er synd vi ikkje har tid til å lytte. Å sitte på toppen av Mountain of Olives og sjå over Jerusalem og the Dome of the Rock var fantastisk. No er vi her, endeleg. Vil det føles like virkeleg når vi ser på bilda når vi kjem heim. Vil prøve å holde fast på denne følesen. Gatelivet i dei smale gatene var veldig energiskt, fargerikt, høglytt og fylt med gjenstader med religiøse, kulturelle og internasjonale symboler og former.

- Sandra

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar