Ja no he Journey of Justice starta og vi he nesten ikkje tid til å skrive eller sove for den del. Nareen he komt trygt fram til Betlehem. Vi starta mandagen med å stå opp kl.04:30. Vi fekk tilbud om å vere med på Check Point 300 tidlig om morgenen. Det takka alle tre ja til. Vi kom i frskjellige grupper og fekk omvisning og gjekk check pointen sammen med dei lokale arbeidarane. Ettersom vi kom lengre fram i køa opplevde ej ei agressiv steming ettersom fleire sneik i køa med å klatre opp og hoppe ned gjennom taket. Dette gjorde folk som hadde stått i kø lenge sinte og frustrerte. Det blei dytta masse for å tette køa for at det ikkje skulle bli plass for fjuskarane. Ej blei skilt fra gruppa mi på grunn av det. Det var svært ekkelt å vere klemt mellom aggressive menneske med den klaustrofobiske følelsen av å vere fanga. To menn måtte skillast fordi det var fare for at det kunne bli voldelig og det var ein skremmande situasjon som ej ikkje vil gløyme med det første. Nareen opplevde å bli provosert av menn som røkte og blåste røyken i ansiktet hennar når ho viste tegn til å finne røyken ubehagelig. Dei visste tydlegvis ikkje at ho snakkar arabisk og forstod akkurat kvad ei gjorde og kvifor. Vi fekk ei lita pause før frokost og så drog vi til Hebron, en by hvor palestinere og israelske bosettere bor side om side. En fredelig kommunikasjon dem imellom er derimot stagnert av israelske militære kontrollposter på hvert kvartal. Hvorfor? Jo, for å berolige de fryktfylte israelere for ”palestinske terrorister”.
Tirsdag lærte vi som vannforsyninga i Israel og Palestina. Ein utruleg provoserande presantasjon om urettferdigheten involvert når vatn er det mest basiske menneske treng for å overleve. Stenging av vann, forurensa vann, dårlige rør, løgner om tilgjengelighet og skeiv fordeling . Så drog vi til Jeriko, med sine 45°C var det svært…varmt. Etter litt info på YWCA og lunsj drog vi til Dødehavet. Og det var…salt. Fantastisk å vere nærmare vektlaus i vatnet , gnike oss inn med leira, leike spa litt og slappe av på stranda.
Onsdag drar vi gjennom check pointen igjen, det er seinere på dagen så det er lita kø og vi går heilt gjennom denne gangen, metalldetektorane og alt. Så drar vi til Øst-Jerusalem. Ibrahim og resten av palestinerane er ikkje med oss i dag. Dei har ikkje tilatelse for å komme hit. Vi møter to unge og smarte kvinner på senteret på YWCA East Jerusalem som fortell oss om det å faktisk vokse opp i Jerusalem og ser den mørke baksida av byen. Vi vandrer rundt i gamlebyen. Her ser vi turistgrupper fra heile verda. Denne gangen føle ej at vi ser byen gjennom forskjellige auge. Dei er blenda av den gylne fasaden, dei vakre bygningene, religionane som lever side om side. Men no har vi lært så mykje og vi ser den virkelige situasjonen her. Ein kan føle at ein he forandra seg som menneske allerede.